Om klage på karaktervurdering

 
Orientering om retten til å klage på karakterer

Kap.5 Klage på vurdering av elevar og lærlingar i ny forskrift til opplæringslova
(Opplæringslova § 2-3 andre ledd, § 3-4 første ledd; § 4A-4 femte ledd)

§ 5-1 Kva det kan klagast på
Det kan klagast på standpunktkarakterar, eksamenskarakterar og karakterar til fag-/sveineprøver og kompetanseprøve, og realkompetansevurdering.
Det kan også klagast på vedtak om ikkje å setje standpunktkarakter.

§ 5-2 Kven som kan klage
Elevar, lærlingar, privatistar og praksiskandidatar eller dei desse gir skriftleg fullmakt, har klagerett. Foreldre til umyndige elevar, lærlingar eller privatistar har sjølvstendig klagerett. Ein elev under 15 år kan ikkje klage utan skriftleg samtykke frå foreldra.

§ 5-3 Avgjerd i klagesaka
Behandling av klage over karakter kan føre til at karakteren blir ståande eller til at han blir endra til gunst eller ugunst for klagaren. Avgjerda skal grunngivast. Avgjerda er endeleg og kan ikkje klagast på. Fører klagebehandlinga til endring av vitnemålet/innhaldet i dokumentasjonsbevis, skal det skrivast nytt, og tidlegare vitnemål/dokumentasjon skal leverast tilbake.
Behandling av klage over fag-/sveineprøve kan omgjerast frå ikkje bestått til bestått.

§ 5-4 Saksgangen ved klage
Dei som har klagerett etter forskrifta § 5-2, skal få opplysningar om høve til å klage, klagefristen og om kva klagen skal innehalde i medhald av denne forskrifta og lov 10. februar 1967 om behandlingsmåten i forvaltningssaker §§ 29, 30, 31 og 32. Dei som har klagerett, skal også få informasjon om retten til å få retningslinjer som er gitt sensorane og grunngiving etter forskrifta § 5-7.
Klagen skal sendast til den skolen der klagaren er elev. Privatistar sender klagen til den skolen der avgangsprøva/eksamen er halden. Klage som gjeld fag-/sveineprøve, skal sendast til fylkeskommunen ved yrkesopplæringsnemnda der prøva er halden.
Ved klage i samband med skriftleg avgangsprøve i grunnskolen skal skolen sende klagen saman med prøvesvaret til statens utdanningskontor i fylket, jf. forskrifta § 5-9 første ledd. Ved klage i fag der det blir vurdert fleire svar, skal alle elevsvara leggjast ved.

§ 5-5 Klagefristar
Frist for å klage over vedtak som gjeld avgangskarakterar/eksamenskarakterar og standpunktkarakterar er 10 dagar etter man har gjort seg kjend med karakterane. Tidsfrist settjast av skolen.
Frist for å klage over vedtak om vurdering av den praktiske delen av fag-/sveineprøva er 3 veker.
Fristen skal reknast frå det tidspunktet da melding om vedtaket er komen fram til den som har klagerett, eller da den som har klagerett, burde ha gjort seg kjend med vedtaket. Fristen blir avbroten når den som har klagerett, ber om grunngiving for vedtaket. Fristen tek igjen til når grunngiving er gitt.

§ 5-6 Formkrav
Klage må fremjast skriftleg, og underskrivast av klagaren eller eventuelt av fullmektig. Klagen skal nemne det vedtaket som blir påklaga, og dersom det er nødvendig, gi opplysningar som gjer det mogleg å avgjere spørsmål om klagerett og om klagefristen er halden. Klagen bør innehalde grunngivinga for klagen, jf. likevel forskrifta § 5-9 fjerde ledd siste puktum.

§ 5-7 Rett til grunngiving
Den som har klagerett, jf. forskrifta § 5-2, kan innanfor klagefristen krevje grunngiving for karakterar i fag der det blir halde munnleg avgangsprøve/eksamen, fastsett standpunkt-karakterar, karakter for praktisk eksamen eller standpunktkarakter i orden og åtferd. Grunngivinga skal givast av sensor eller ein lærar som har teke del i karakterfastsetjinga.
Dersom ein elev ikkje får standpunktkarakter eller får ikkje bestått som standpunktkarakter, kan det krevjast grunngiving for det.
Den som har klagerett, kan ikkje krevje grunngiving av karakter til skriftleg avgangs-prøve/eksamen.

§ 5-8 Rett til å gjere seg kjend med eige svar og eventuelle retningslinjer for sensorar ved skriftleg avgangsprøve/eksamen
Eleven/privatisten/lærlingen har etter at karakter ved skriftleg avgangsprøve/eksamen er fastsett, rett til å gjere seg kjend med eige svar. På oppmoding skal han/ho få kopi av svaret. Eleven/privatisten/lærlingen kan også krevje at eventuelle retningslinjer som er gitt sensorane til hjelp ved sensureringa, blir lagde fram.

§ 5-9 Klage over karakter til skriftleg avgangsprøve/eksamen. Klageinstans og klagebehandling. Oppbevaring av eksamenssvar ved skriftleg avgangsprøve/eksamen
Klageinstans for vurdering av skriftleg avgangsprøve i grunnskolen er ei klagenemnd på 3 medlemmer. Statens Utdanningskontor i fylket oppnemner klagenemndene.
Klageinstans for vurdering av skriftleg sentralgitt eksamen i vidaregåande opplæring er klagenemnd oppnemnd av Statens Utdanningskontor i fylket. Klageinstans for vurdering av skriftleg lokalgitt eksamen i vidaregåande opplæring er klagenemnd oppnemnd av fylkeskommunen etter retningslinjer gitt av Statens Utdanningskontor i fylket.
Medlemmene av ei klagenemnd må ikkje ha teke del i førstegangsbedømminga og bør så langt mogleg ikkje vere frå den same skolen som klagaren. Når det er felles sensur for fleire grunnskolar, skal medlemmene så langt råd er ikkje vere frå same skole som klagaren.
Klagenemnda skal gjerast kjend med den karakteren prøvesvaret fekk ved den ordinære sensuren. Nemnda skal elles ikkje få andre opplysningar enn svaret og dei opplysningane som kan leggjast ved svaret ved eksamen. Nemnda skal ikkje gjerast kjend med eventuell grunngiving for klagen.
Ved klage over karakter til skriftleg avgangsprøve/eksamen prøver nemnda alle sider ved karakterfastsetjinga. Finn ho at karakteren er urimeleg i forhold til eksamensprestasjonen, set ho ny karakter.
Prøvesvar/eksamenssvar skal oppbevarast ved skolen i minst eitt år.

§ 5-10 Klage over karakter ved munnleg avgangsprøve/eksamen. Klageinstans og klagebehandling
Ved munnleg avgangsprøve/eksamen kan det berre klagast over formelle feil som kan ha noko å seie for resultatet. Ved klage over munnleg avgangsprøve/eksamen innhentar rektor fråsegn frå sensor og eksaminator og sender desse fråsegnene og klagen saman med si eiga fråsegn til statens utdanningskontor i fylket ved klage i grunnskolen og til fylkestinget eller den fylkestinget gir mynde som klageinstans, ved klage i vidaregåande opplæring. Kopi av fråsegnene skal sendast til klagaren.
Dersom klagaren får medhald i klage over munnleg avgangsprøve/eksamen, skal karakteren annullerast, og klagaren har rett til å gå opp til ny avgangsprøve/eksamen. Dersom klagaren vel å gå opp til ny munnleg avgangsprøve/eksamen, skal prøvesvaret bedømmast av ny sensor.
Gjeld klagen prøve i trekkfag, skal det trekkjast fag på ny. Melding om faget skal givast eleven med same frist som ved ordinær prøve.

§ 5-11 Klage over eksamensresultat ved andre, ikkje-skriftlege eksamenar i vidaregåande opplæring
Ved andre ikkje-skriftlege eksamenar enn munnleg eksamen, der det ikkje ligg føre dokumentasjon som kan vurderast av ei klagenemnd, kan det berre klagast over formelle feil som kan ha noko å seie for resultatet. I slike tilfelle skal ein følgje same prosedyren som for munnleg eksamen i forskrifta § 5-10. Dersom ein slik eksamen resulterer i dokumentasjon som kan vurderast fagleg av ei klagenemnd, skal ein følgje same prosedyren som for skriftleg eksamen i forskrifta § 5-9.

§ 5-12 Klage over standpunktkarakter. Klageinstans og klagebehandling
Ved klage over standpunktkarakter, eller over vedtak om ikkje å fastsetje standpunktkarakter, kan klageinstansen berre vurdere om gjeldande føresegner om karakterfastsetjing er følgde. Med klagen skal følgje fråsegn frå faglæraren om korleis karakteren er fastsett eller kvifor karakter ikkje er sett, og fråsegn frå rektor om saksbehandlinga ved skolen. Kopi av fråsegna skal sendast klagaren.
Klageinstans i grunnskolen er statens utdanningskontor i fylket. Klageinstans i vidaregåande opplæring er fylkestinget eller den fylkestinget gir mynde. Statens utdanningskontor i Oslo og Akershus er klageinstans når klagaren tek vidaregåande opplæring ved privat skole i utlandet.
Dersom klagen blir funnen rettkomen, må klageinstansen presisere kva reglar han meiner er brotne eller det kan reisast tvil om er brotne, og sende saka tilbake til skolen. Klage-instansen skal informere klagaren om resultatet av klagebehandlinga. Rektor og faglærar gjennomfører ny vurdering. Rektor set endeleg karakter. Den nye avgjerda kan det ikkje klagast på.
Finn klageinstansen at klagaren ikkje kan få medhald, er avgjerda endeleg.

§ 5-13 Klage over karakter i orden og åtferd. Klageinstans og klagebehandling
Ved klage over karakter i orden og åtferd skal eleven sin kontaktlærer og rektor gi fråsegn som saman med klagen skal sendast til klageinstansen. I fråsegna skal det gjerast greie for kva karakterar i orden og åtferd som har vore gitt tidlegare, kva tiltak skolen har sett i verk for å rette på forholda og ei fyldig grunngiving for karakteren. Kopiar av ordensreglement for skolen, utskrift av protokoll som viser korleis skolen har behandla saka m.m. skal leggjast ved fråsegna. Ved klage i grunnskolen skal det også gjerast greie for om heimen har vore varsla om at karakteren kunne bli sett ned og eventuell anna korrespondanse med foreldra. Klagaren skal ha kopi av fråsegna. Klageinstans i grunnskolen er statens utdanningskontor i fylket. Klageinstans i vidaregåande opplæring er fylkestinget eller den fylkestinget gir mynde. Klageinstansen avgjer om klagen skal medføre endring av karakteren til gunst eller ugunst for klagaren.

§ 5-14 Klage over bedømminga av den praktiske delen av fag-/sveineprøva i vidaregåande opplæring
Klage over den faglege vurderinga av prøvearbeidet til ikkje bestått skal sendast til fylkeskommunen ved yrkesopplæringsnemnda i det fylket der prøva er gjennomført, jf. forskrifta § 5-4 andre ledd, siste punktum. Yrkesopplæringsnemnda sender klagen til prøvenemnda. Klageinstans for klage over bedømming av fag-/sveineprøve er klagenemnda oppnemnd i medhald av opplæringslova § 12-6.
Medlemmene i ei klagenemnd må ikkje ha teke del i førstegongsbedømminga og bør ikkje vere frå ei lærebedrift der klagaren er lærling. Klagenemnda kan omgjere resultatet frå ikkje bestått til bestått, avvise klagen eller oppheve prøvenemnda si avgjerd og vise til ny prøve. Klage som er grunngitt med formelle feil eller andre ikkje-faglege forhold, skal behandlast av fylkeskommunen ved yrkesopplæringsnemnda som førsteinstans og med fylkestinget eller den fylkestinget gir mynde som klageinstans. Dersom det er gjort formelle feil som kan ha hatt avgjerande verknad for prøveresultatet, skal avgjerda i prøvenemnda opphevast. Prøva skal da haldast for ikkje gjennomført, og klagaren har høve til å gjennomføre ny prøve så snart som mogleg.

Klage over eksamensresultatet – noen hovedpunkter

Klagefristen for karaktersetting er 10 dager regnet fra den dagen du burde ha gjort deg kjent med resultatet.

Klagen skal være skriftlig og leveres til skolen hvor du tok eksamen.

Du har rett til å gjøre deg kjent med din egen besvarelse etter at karakteren ved skriftlig eksamen er fastsatt. Du kan be skolen om kopi av din egen besvarelse.

Det kan klages på vurderingen av skriftlig eksamen. Ved muntlig eksamen kan det bare klages over formelle feil som har betydning for resultatet.

Vær oppmerksom på at det er karakteren etter klagebehandlingen som er den endelige.

Dersom klagen fører til bedre eller dårligere karakterer skal den tidligere dokumentasjonen som er ugyldig innleveres før ny utstedes!

Fant du det du lette etter?